Sommaren nærmar seg, og utesesongen med god grillmat og enkle sommarrettar står for tur. Behovet for enkel og lett sommarmat melder seg, og kva er vel då betre enn små, enkle rettar som er raske å lage og som smakar kjempegodt?– Bruschetta er ein sånn liten rett! Med opprinnelse frå Italia og originalt utan topping, er denne retten å finne mange stadar i verda i forskjellige smakskombinasjonar. Her tar eg føre meg bruschetta med tomat, men du kan fint lage andre typar topping også.