Baguettar
Nydelege og sprø baguettar som passar til det meste. Som med mye gjærbakst er tid viktig. Til til å hvile og heve. Da blir det bra.
Nydelege og sprø baguettar som passar til det meste. Som med mye gjærbakst er tid viktig. Til til å hvile og heve. Da blir det bra.
Ingredienser Baguettar
Deig
Bland det tørre med ca. 70% av vatnet og elt på lav hastigheit i maskin i 4 minutt. Auk til full hastigheit og elt deiga ytterlegare til den er glatt og «skinnande», ca 6-8 minutt.
Spe i resten av vatnet litt etter litt, men la deiga samle seg mellom kvar gang du sper. Jo lausare deiga etterkvart blir, jo raskare kan ein spe i meir vatn. Ha deiga oppi ein stor bolle eller tilsvarande og stram deiga opp ved å «folde/brette den over» nokre gongar. La deiga kvile i omkring 2 timar og stram opp deiga ytterlegare kvar halve time.
Mjøl bordet godt så ikkje deiga festar seg i bordet og kvelv deiga utav bollen. Ha også godt med mjøl oppå deiga. Del opp i deigemner på ca 350 g (6 emner) ved å lage eit reint snitt i deiga med ei deigskrape og dra mot deg – eit av gongen. Dra lett i deigemnet for å få rett lenge på baguetten og brett forsiktig to gonger slik at «verken» (skøyten) på baguetten er ned mot bordet.
Legg baguetten på godt mjøla linduk (eller tilsvarande) med verken ned. Bruk rugmjøl på linduken.
Baguettane steikast etter ca. 10 til 20 minutt med nedsida vend opp, ved 230 grader i 25-30 minutt.